Reisebrev Nordisk veteranmesterskap.


Vi har mottatt reisebrev fra Halvor Kongsjorden, som har deltatt på sitt første Nordisk veteranmesterskap i NSF sammenheng forrige helg.

Det var vel ved nyttårstider eg vart klar over at årets nordiske mesterskap for veteranar skulle arrangerast på Elverum. «Ja ja,» tenkte eg, «sikkert artig for gamlingane». Omtrent samtidig oppdaga eg at eg hadde «rykka opp» i klasse V45, og dermed var kvalifisert for mesterskapet… I eit anfall av overmot meldte eg meg på i alle fem disiplinar, samt bankett!

 Første konkurransedag var fredag 5. juli. Øvinga var luftrifle, 40 skot ståande på 10 meter. Eg måtte trekke meg frå denne pga litt for mykje å drive med heime (i tillegg til at treningsgrunnlaget i denne øvinga vart langt tynnare enn eg trudde før sommaren). Numedal gjorde det bra: Gunnar Huslænde slo til med gull i eldste klasse, og Arne Aaland var med og tok laggull! Mange norske gullmedaljar vart utdelt, og ein av dei som imponerte mest var Wenche Blien. Ho starta med skyting som godt vaksen, men seriøs trening og sterk vilje har gjort at ho no er heilt i toppen i V55, og på luft slo ho alle – både menn og kvinner!

 Laurdag tok eg turen til Elverum som einaste representant for Numedal (dei andre skaut berre luft). Det var 50 meter som sto på planen for oss «yngste» veteranane, og før det vart min tur kosa eg meg med å følge eviggunge Harald Stenvaag si liggandeskyting: 598 poeng er eit resultat i topp internasjonal klasse sjølv for dei aller beste i langt yngre alder enn Harald (han fylte 60 i vår!). Da det vart min tur viste det seg snart at brukbar liggandeskyting på 200-meteren i DFS ikkje er stort verdt på 50-meteren. Resultatet vart elendig, og med dårleg ståande var det berre brukbar kneskyting som gjorde at det såvidt var fleire bak enn framom på resultatlista på halvmatchen. Dei eldste klassane skaut 300 meter, og kongen blant DFS-veteranane, Odd Kolsrud, var like suveren i V70 her som på 100-meteren i DFS. Likeeins var Bjørn Egil Hansen suveren i den nest eldste klassa (V65). Nøtterøy-karen har no tett oppunder 30 nordiske gull i samlinga!

 Etter endt skyting var det bankett på nybygde Rica Elgstua med god middag, taler og premieseremoni. Gode historier vart servert, både i plenum og rundt borda. Alle var truleg sanne… Sjølv om selskapet var godt vart det tidleg kvelden for dei fleste. Natterangel og skyting klokka halv ni dagen etter er ingen god kombinasjon!

 Søndag var det 300 meter som sto på programmet for V45. Her vart det heller ingen god start for meg. Ein brukbar siste serie på 99 gjorde at eg klora meg såvidt over midten av lista på 40 skott liggande. Referat og resultat frå halvmatchen min er sensurert av humanitære grunnar… Meir triveleg var det å sjå at gamle kjente frå DFS gjorde det godt: Anders Edvin Gusdal tok seg av halvmatchen i V45, Tor Nystuen det same i V55 , og Ingeborg Haukerud sette ny mesterskapsrekord i 40 ligg med 392 poeng i V45D.

 Oppsummert var dette ei riktig triveleg helg, sjølv om resultata ikkje vart heilt som håpa. Litt meir trening hadde kanskje gjort seg? Neste år går mesterskapet i Eskilstuna første helg i juli. Det er litt synd at det kolliderar med DFS-trippelstevnet i Numedal, for her hadde det vore plass til fleire unge og eldre veteranar frå dalen!

Alle resultater fra mesterskapet finnast her:

Halvor Kongsjorden, Numedal Sportsskyttere.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *